Åpningskonsert Landskappleiken Tinn Rjukan 2022 // Såheimshallen

22-06-2022- Åpningskonsert Landskappleiken Tinn Rjukan 2022 // Såheimshallen

Facebook
Twitter
Pinterest
WhatsApp
E-post
Digg
Detalje om konsert:
Hvor den skjer? Telemark
Og Adresse? 3660, Rjukan
Når da? 22-06-2022
Og Klokkeslett? 20:00
Når den slutter? 23-06-2022
Hvilket klokke? 00:00
Kan jeg se en video? Ingen video
Hva som skal skje der?

Om

Sagt og spela – bilete frå folkemusikksoga i Telemark

har me kalla opningskonserten i Såheimshallen, onsdag 22. juni kl 2000.

I folkemusikkrørsla tek me vare på meir enn sjølve musikken, me bryr oss òg om tradisjonane rundt han. Den slåtten spila han eller ho der og då, replikkane fall slik og slik den gongen dei møttest. Dette materialet er dels fest på papir eller lydband, men mykje er framleis ein rein munnleg tradisjon.

Me har plukka fram eit knippe slike soger, og lete gode utøvarar av i dag fylle dei ymse rollene. Attåt felespel og historske replikkar blir det kveding og mykje dans!

Du vil få høyre korleis det gjekk til då Øystein Lurås miste jenta si og tok att eit belte, korleis Myllaren blei refsa for livsførselen sin, korleis Knut Dahle og Torkjell Haugerud reagerte på at fyrste verdskrig braut ut, og mykje anna.

Utøvarane, eit godt tredvetal, kjem frå Vinje, Rauland, Vestfjordalen, Atrå, Gauset, Austbygde, Tessungdalen, Gransherad, Flatdal, Brøles og Sauherad. Det heile vil bli bunde saman av Åsmund Nordstoga.

Ide, tekst og regi ved Johan Vaa, i samarbeid med Ola E. Bø.

Arrangør: Landskappleiken

Fyrehandssal via visitRjukan AS, kr 250 + avgift kr 25,-, frå 1.mai på rjukanbooking.no

Hvem organiserer denne konsert?